Granvinsdagen 2026: Ausekarane kjem til Trudvang
Tradisjonen tru vert det dans i Trudvang på Granvinsdagen, siste laurdagen i august. I år får me besøk av sjølvaste Ausekarane, og me i GUL gler oss vilt!
Dato: 29. august
Stad: Trudvang Ungdomshus i Granvin
Aldergrense: 18 år
AUSEKARANE KJEM TIL GRANVIN!
Det er ikkje utan grunn at Ausekarane - med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen - har herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje. For dette er fengjande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje minst eit band med fantastiske musikarar. På skryteveggen står kåring som
Bergens beste sceneoppleving i 2010, 1. plass på VG-lista med albumet «Farande fant», Platinatrofé for «Ausedansen», Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for albumet «Ein hau med hitts».
Det starta med «Haraball i naustet» på Logen i Bergen. Ausekarane gjorde stor suksess med musikk-kabareten som var basert på kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar. Sommaren 2008 vart forestillinga tatt
med ut i sitt rette element; På fjorden. Frå kai te kai på Vestlandet. Først med ferja «Showboat» og seinare med ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd`n, me kjem te deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå både folk og media.
Sidan den gong har det gått slag i slag med konsertar, turnear, show, album- og DVD-utgjevingar. Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, så nær som Tor Endresen som
er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril.
Restriksjoner
18- års aldersgrense