page view image

Åsmund & Åsmund // Koret på Loftet

Velkomne til jolekonsert i Trudvang med Åsmund og Åsmund!

På scenen denne kvelden kan du også sjå vårt eige Koret på Loftet.

Informasjon
event image

Velkomne til jolekonsert i Trudvang!

Dørar: Kl. 17.30
Konsertstart: Kl. 18.00
Konsertslutt: Kl 19.30

Aldersgrense: Ope for alle

Baren er open denne kvelden

Billettpris: Kr. 350
Medlem: Kr. 300

Billettar: Ticketco

Helaften i Granvin? Det er julebord på Jaunsen denne kvelden, ta kontakt med Eli for å sikre deg bord!


Jolekonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad

Snart tindrar stjerner i gnistrande klar desembernatt. Då byd Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad på jolekonsert.

Konserten byd på jolestemning i duoformat. Det blir perler frå salmeskatten og nyare verdslege jolesongar som lokkar fram lukten av granbar og eimen av jolebakst.
Det blir høgtid og fest, frå Elias Blix til Alf Prøysen samt ein sving innom jol i Vinje ved Tarjei Vesaas.

I meir enn 25 år har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Nokon har kalla konsertane deira for ei musikalsk lukkepille. 

Se mindre